Opplev Loen
og Tjugen Camping

Vi har ope i påska. Velkommen!

Tjugen Camping ligg ved Loelva i vakre Lodalen, ca 2 km frå Loen sentrum.

Her er panoramautsikt mot fjell og bre og campingen er eit flott utgangspunkt for turar til blant anna Skåla/Skålatårnet, Lovatnet, Via Ferrata og Loen Skylift. Spør oss gjerne om fleire tips til aktivitetar og turar. Vi har hytter og i tillegg plass til telt, bobil og campingvogner. 

Plassen er familiedriven og vertskapet består av tre generasjonar Tjugen med Kristin og Bengt Are i spissen. Vårt mål er at du som gjest skal føle deg velkommen og trivast og at du skal finne fasilitetane reine og velstelte.

Foto: Visit Nordfjord / Bård Basberg/Loen Skylift

Leige el-sykkel?

Vi har to el-syklar som vi leiger ut. Det er flott å oppdage Loen og Lodalen på sykkel. Send oss ein e-post om du vil leige! Sesongen startar 1. mai.

Loen Shuttle

Hopp på eller hopp av - alt etter kva plan du har for dagen. Kombiner turen med ein fjelltur, bading eller ein båttur på vakre Lovatnet. Bussen har fire/tre* daglege ruter frå 1. juli til 13. august, og er eit tiltak frå reiselivet i Loen for å redusere miljøavtrykket i dalen og forenkle logistikken. Les meir her.

 

Bestill overnatting nær sentrum og opplev det Loen har å tilby!

 

Foto: Sverre Hjørnevik / Visit Nordfjord